tirsdag 28. juni 2011

tett innmed land

han kom sigande
sakte inn frå skrå
bakifrå
kjapt kneip han meg
i nasen
før han smilande
dreiv inn i skråma

med pia på verkaneset

eg flyt så dårleg skjønar du
seier pia
og stappar to raude
louis vuitton
oppunder armane










kunst og kroner

eg trakk visakortet
mellom klovnemalerinna sine rompeballar
utan at det gav nevneverdig kreditt












om å bada med sponheimen

dogg dogg dogg
eg er potemkin
panserkryssaren

truten til stylisten

då eg sumde nærmare land
såg eg at det ikkje var
ei nydesigna redningsbøye
frå vesta-hygea

søndag 26. juni 2011

lørdag 25. juni 2011

zappa og stupedama




mothers altso

seier frank og gliser

no er eg draug i sognefjorden

og orkestrerar litt av kvart







som tornerose






han ynskte seg eit tilvære

som phytoplankton

etter kveldsbesøket

hjå den nyleg fråskilde nabokona








bob dylan sym i fjorden



you don`t need an
oceanographer
to tell witch way
the flow goes
seier bob












med tom waits i fjorden



havnåla du
seier eg
er fjorden sin swordfishtrombone
og langsnuta sjøhest
er eit saxophynnyanimal
gliser tom








onsdag 22. juni 2011

bønner bomber og bandasjar

han sit inne

i gummirommet

og skriv med tunga

høyrer jentene kviskrar

han døyr ikkje

for våre synder

slik som han andre

patti og eg

wave seier patti

vink tenkjer eg

waves ler patti

ekspressbåten

seier eg

spenevarm





han sit i bislaget

og dreg på seg gummistøvlane

kjenner kva han saknar

i ein buss på rv55



desperadoen damelausen
sit bak henne på bussen
og pustar henne varleg i nakken
irriterande trekk
tenkjer ho
og brettar opp kragen

ferjesong



augo dine møtte mine
midtfjords
det var som vi fornemma
sjølve opphavet
då berre guds ande sveiv over vatna
men fan
so kom ferja

lova vest for pecos



dette er ein rekningsvest
gliser advokaten
og stuper uti det

cruisetrafikk på sognefjorden



eg vil ha ein slik ein
gaular dottera til oligarken
eg vil ha den der
-fjordsymjaren sym for livet

tirsdag 21. juni 2011

grappa




lola pagola

seier det smakar

som ei blanding av

fjøresteinar og diesel




den gong




då sølepyttane

var hav

og eg var kaptein

fjorden




det er ein jungel uti her

seier fjordsymjaren

mellom anna skeletonema

ei kjededannande kiselalge

norges vanlegaste plante

mandag 20. juni 2011

clint eastwood og eg



make my day
seier clint
og vrengjer av seg den kvite t-skjorta
legg i frå seg øskja
med 17 festpatroner
og eingongsligtheren frå esso
han løyser to skot med magnumen etter ferja
hipsar badebroki godt opp
før han vassar uti
tyggjande på ein sløkt sigar
nice med niser
seier han
og sparkar frå

løytnant i vinterkrigen




han rei på kanonløpet

redd som han var

for blærekatar

torsdag 16. juni 2011

fjordaspa



eg skumbadar
i propellstraumen
til MF Gulen

snøsneglane



spiralkrulla
ligg dei og ventar
på lukta av knitreglitresnø i måneskinn

bygdadans



tann-go
gaular blodBjarne
og langar ut med venstra

før du



det var ei tid
då kvalane hadde bein
og me for rundt
som romlande tønner

leppeleik



ikkje veit eg
kor mange musklar leppene har
men når ho sleikjer seg fuktig
på vermillion og philtrum
veit eg at kyssa vert gode

heim frå flåm



tvi vøre
som han for åt
beina føre på neste båt

sommarfuggelkyss



augevippene hennar
kitlar varleg
kjakane mine

korrespodanseskyting



at gunpoint
utolmodig ved postkassa
return to sender

tralletonetroll



sjå på meg
høyr på meg
dei brune låra mine
dei kvite tennene mine
det glinsande håret mitt
dei fine songane mine
ler Tone
og dånar

sølvpilen



han er ikkje indianar lenger
no kjem han på smale hjul
etter rv 55

shining på bygda



titt-tei
var vel knappast orda
han forventa
då naboen slo inn døra med øks

i eit busstopp på rv 55



litt slik på spranget framut
bikkjeskrått
står han og ventar

soul servant



muriari sit på mjølkerampa
og tenkjer seg sjølv ut i verda

ich bin legal



lola pagola sit aldri åleine
ho held hoff kvar hen ho fer
i den raude kjolen
under dunkle laterner
ventar ho på bussen heim

litteraturist ( O`fjærland )



eg søkk i fjorden
lommane fulle av gamle bøker